LAMPEFABRIKK OG KUNSTSMIE
Kristian Solheim starta produksjon av lamper i ein verkstad på garden
før krigen, og i åra fram til byrjinga av 1950-talet produserte Solheim fleire
tusen eksemplar som vart selde over heile landet. Særleg i knapphetstida rett
etter krigen var omsetjinga høg. Sjølv om produksjons-metodane var enkle bar lampene
preg av høg handverksmessig kvalitet. Solheim sto sjølv for det meste av
arbeidet, men han sysselsette og mange lokale ungdommar i produksjonen.
Etterkvart som verda kom til hektene igjen fram mot 50-talet kunne lampene til
Solheim ikkje lenger hevda seg i konkurranse med masse-produserte varer og han la ned
lampefabrikken.
Solheim fortsette med aktivitetar som hadde lite med bondeyrket å gjera. I dei fylgjande
åra utfolda han sitt kunstnariske talent med å laga forskjellige typar skulpturelle
dekorasjonar, bl.a. hadde han god suksess med hagedekorasjonar i betong.