Ta kontakt
| | REKLAME I 1930-ÅRA | LAMPEFABRIKK OG KUNSTSMIE | |
HISTORIE


Friestad er eit gammalt jærbruk som har vore i same slekt i mange generasjonar, arverekkefylgja går faktisk tilbake til 1500-talet. Bruket var i si tid ei av dei største melkeprodusentane i gamle Ogna kommune, noko som driftsbygningen frå 1912 vitnar om. Husdyrdrifta blei avslutta rundt 1970,
og bygningen sto ubrukt fram til noverande eigar starta rehabilitering til selskapslokale rundt 1990. Første del sto klar for ny drift i 1996.
I tillegg til den tradisjonelle gardsdrifta har drifts-bygningane også tidlegare gitt rom for andre aktivitetar. Tidlegare eigar Kristian Solheim hadde base for reklameproduksjonen sin her i byrjinga av 30-åra, han dreiv lampefabrikk på 40-talet og kunstsmie fram til rundt 1970. Reklameplakatar og skulpturar frå denne produksjonen er i dag utstilt i lokala.