Ta kontakt
| << TILBAKE | SKULPTURAR | DEN SVARTE ENGELEN | |
DEN SVARTE ENGELEN

Det har også tidlegare vore festleg aktivitet på garden. I tida etter krigen gjekk mangt eit lystig hageselskap føre seg i den lune og møysommeleg opparbeide hagen. Mellom rosebedd og skulpturar hadde Kristian Solheim laga to danseplattingar. På den eine av desse var ein skulptur av Amor med spent boge plassert som eit naturleg midtpunkt. Amor hadde den same mørkegrøne fargesjatteringa som dei andre skulpturane Solheim hadde laga til hagen. Dette gav i visse krinsar næring til tvilsame rykte, der engelen var svart og aktivitetane på hagefestane på Friestad tilsvarande.

Det er lite att av hageanlegget i dag, men Amor lever vidare i logoen vår.